Frode Grytten Beat Band // Lindehuset

Frode Grytten Beat Band // Lindehuset

Dato og tid
Lørdag 13. des 2025
Kl. 18:00
Sted
Lindehuset
Kleppestø

Ring - A - Ding - Dong - Ding
Absolutt juleambivalens

Her kjem eit lite klapp på skuldra til alle dei som ikkje trur på Disney eller Amfi Storsenter eller Hanne Krogh. Her er litt søstersolidaritet med alle dei som ikkje trur på den feite julenissen eller Sølvgutane eller etisk juleribbe eller jul i Skomakergata.

Her er litt trøst til alle som lid av absolutt juleambivalens. Her er ei utstrekt hand til alle som bare har lyst til å høre dei aller finaste julesongane som nokon gong er skrive. Garantert fritt for «Det hev ei rose sprunge» og «Gjev Meg Handa Di Ven».

Frode Grytten Beat Band feirar vinteren, snømenn, desember og det nye året som snart skal komme.

Datoer & Billetter

Velg dato og kjøp billetter

Lørdag 13. des 2025
Kl. 18:00
Kjøp billetter →

Del forestillingen

Søk