Hermine Svortevik Oen

Hermine Svortevik Oen

Denne ungjenta kjem me til å høyre mykje frå! 

Om Hermine Svortevik Oen

Hermine har spelt teater siden før hun kunne snakke, og trass sin unge alder har ho breid røynsle både frå det profesjonelle og frie feltet, på scena i store og  små roller. Ho er elev ved Bergen Kulturskole sitt fordjupningsprogram i teater, og har ingen plan B, skodespelar er einaste planen! 

Hermine er ein glitrande formidlar og har i tillegg til å stå på scena medvirka på film, TV-serie, reklame, dubbing, heldt innlegg på store konferansar, vore konferansier, sunge på Lysfesten, BKK sin julekonsert i Johanneskyrkja og vore juniorreportar i BT, der ho har hatt fleire live- sendingar. I 2019 vart ho tildelt BT sitt kulturstipend for unge kunstnarar! Ho har markert seg som ein engasjert samfunnsdebattant og har, blant anna, vore ambassadør for TV- Aksjonen. Hermine gjer ofte konferansier oppdrag både på engelsk og norsk, og har erfaring som konferansier frå blant anna Vestlandskonferansen, og store konferansar for Equinor og NHH.

Nyleg spelte ho Solveig i DVT sin oppsetning av Peer Gynt, ho har vore ei herlig stabbursmus i Fyllingsdalen Teater si oppsetning av Hakkebakkeskogen på Fløyen, og hos oss eit tanntroll og stjerne i Karius og Baktus på Ole Bull Scene. I 2024 var ho aktuell i storfilmen BIRK & MAGNA! som har blitt rosa opp i skyene, av blant anna den store amerikanske hollywood-skodespelaren Matthew McConaughey. I det siste har Hermine spelt Hedvig i Henrik Ibsens Vildanden, der ho fekk strålande kritikk for oppsetninga i London, men også på heimebane, på DNS i Bergen. 

For booking av Hermine Svortevik Oen kontakt: anette@stasartist.no / +4790188483

Book Hermine Svortevik Oen

For booking eller spørsmål, kontakt oss.

Takk for din forespørsel!

Vi har mottatt din melding og vil ta kontakt med deg så snart som mulig.

Send forespørsel

Interessert i ? Send oss en melding!

Hva er ?

Hermine Svortevik Oen
/

Søk