Finn Tokvam

Finn Tokvam

Humor og skråblikk frå ein sterk vestnorsk stemme

Om Finn Tokvam

Finn Tokvam kjem frå Flåm i Sogn men arbeidar og bur i Bergen. Han er humorist, kåsør, programleiar, journalist, forfattar og artist, og jobbar i spennet mellom fagjournalistikk og rein underhaldning. Finn blei tildelt Målprisen frå Noregs Mållag i 2008. 

Han har 20 års røynsle frå TV i program som P:I:L:S og Radio Røynda på NRK, og har dei seinare åra vore gjest på Nytt på Nytt og fleire gongar i panelet til Brille. Finn har vore spaltist og kåsør i Bergens Tidende, hatt sitt eige talkshow Folk & Finn og er ein velkjent vokalist i populærorkesteret Finn-Erix. I 2005 debuterte han som forfattar med romanen Tyl (Samlaget) saman med Halvor Folgerø. Dei to har også skrive biografien om Ragnar Hovland - Ler dei no så har eg vunne. Finn har dei siste åra skrive fleire tekstar for scenen og teater, og omsett ein rekke songtekstar og verk, mellom anna musikalen Min venn Fascisten. Hausten 2020 debuterte han med sitt første teatermanus Vestland Vestland som vart spelt på Teater Vestland og Det Vestnorske Teatret.

I 2023 gav han ut si første plate Summetonar, saman med Odd-Erik Lothe og Olav Stedje. Hausten 2024 gjekk han endeleg på scenen med sitt første soloshow Velkomen. Framsyninga blei svært godt motteke av både publikum og presse, med terningkast seks i Bergens Tidende.

Finn er svært mykje brukt som kåsør, underhaldar og konferansier både for næringsliv og akademia.

For booking av Finn Tokvam kontakt: linda@stasartist.no / 98285108

Videoer

Galleri

Finn Tokvam
Finn Tokvam

Takk for din forespørsel!

Vi har mottatt din melding og vil ta kontakt med deg så snart som mulig.

Send forespørsel

Interessert i ? Send oss en melding!

Hva er ?

Finn Tokvam
/

Søk