Bjarte Hjelmeland
Folkekjær multikunstnar med varme, musikalitet og glimt i auge
Om Bjarte Hjelmeland
Bjarte vart tilsett ved Nationaltheatret i 1992, året etter at han gjekk ut frå Norges Teaterhøgskole som landsets yngste. Han har medverka i nesten 60 ulike teateroppsetningar gjennom åra i tillegg til ei rekke regi, film og TV-oppdrag. Dei siste åra har han regissert familiekomedien Svartnissen kommer til Bergen, og Karius og Baktus på Ole Bull Scene.
Han har spelt Hypokonderen av Moliere, En tjener for to herrer på Oslo Nye Teater og Cyrano de Bergerac på Nationaltheatret, og i Eggum-suksessen En Natt Forbi. Men ikkje minst har han laga og spelt tre store soloshow Gu kor gøy, I lånte fjær og JA. Vinteren 2025 kom Bjarte ut med sitt fjerde soloshow Alene Hjemme, som sjølvsagt, blei stor suksess. Seksarane kom frå både presse og publikum. I tillegg har han medvirka i TV-seriane Mammon, Heimebane og Livstid og han har lånt stemme til fleire animasjonsfilmer. Bjarte er lidenskapeleg oppteken av country, og gav blant anna i 2008 ut plata Bjarte Hjelmeland, spelt inn i Nashville.
I løpet av dei fire åra som teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen posisjonerte han seg som ein markant kulturleiar og ein svært populær teatersjef, både internt på teateret og hos byens publikum.
Bjarte er ein av våre absolutt mest brukte artistar, både som konferansier, songar og underhaldar. Han gjer også heile det episke verket Terje Vigen på forespunad. Med varme og respekt sikrar han eit vellukka arrangement.
For booking av Bjarte Hjelmeland kontakt: linda@stasartist.no / +47 98285108
Videoer
Book Bjarte Hjelmeland
For booking eller spørsmål, kontakt oss.
Takk for din forespørsel!
Vi har mottatt din melding og vil ta kontakt med deg så snart som mulig.
Send forespørsel
Interessert i ? Send oss en melding!